Bedriftshelse1 samarbeider med bedriftene gjennom førebyggjande arbeid, med mål om å gjere arbeidsmiljøet i bedriftene best mogleg. Våre tenester og løysingar skal førebyggje utfordringar knytta til arbeidsmiljø, helse og livsstil. Desse utfordringane endrar seg som samfunnet elles, og vi ser det som vår oppgåve og vere forut og orienterte om desse endringane, slik at medlemmane våre får dei beste tenestene og det beste arbeidsmiljøet. Vi tilsette i Bedriftshelse1 er engasjerte i, og opptekne av at medlemmane våre skal få kjappe og målretta tenester.
Bedriftshelse1 er den største lokalt forankra bedriftshelsetenesta på Vestlandet, og vi er lokalisert i Sogndal (hovudkontor), Årdal, Nordfjordeid, Stryn, Ulsteinvik, Florø, Førde, Voss, Norheimsund og Odda. Vi vil vere nær kunden, både for å forstå dei, men også for at dei skal kjenne oss. Vi er eit samvirke og har som interesse å bistå arbeidslivet på Vestlandet til å få gode og effektive arbeidsdagar. Fordi vi har lokal forankring og lokal leiing i alle avdelingar, kan vi gje kjappe, målretta og miljøeffektive tenester både til små bedrifter rundt omkring i fjordarmane og til store industriar. Eit av våre viktigaste mål er å kunne vere raskt ute til alle våre medlemmar.